Flamme når det bles

Av Vidar Aas (Fritt etter Elton John/Bernie Taupin: Candle in the Wind)

Skriven til ei jente eg likte godt i ungdommen, som døydde så altfor tidleg hausten 2009. Nokre månader etter sat eg i det opne landskapet på jobb og klarte ikkje å konsentrere meg om det eg skulle. Så eg gjekk inn på eit møterom. Då kom desse orda til meg. Eg skriv ikkje nynorsk til vanleg, men dette blei på nynorsk. Det blei ekstra sterkt om kvelden den same dagen, då eg sat heime og pussa litt på teksten. Då ringte mor mi og fortalde at ei tante, som hadde ALS, var død. Så dette er litt til deg òg, tante. (Arendal, 23. mars 2010)

Kjære du var fin
Her er ein song til deg
Snill og god og kjærleg
Ville vere sterk og stolt
Du kunne vere dame
Altfor fin for meg
Du hadde mange gode vener
Men du såg ein annan veg

Det verkar som du levde som
Ein flamme når det bles
Visste ikkje kvar å søke ly
Når det regna i ditt fjes
Eg skulle likt å kjent deg
Men eg var for sjenert
Flammen din har brunne ut
Men du er alltid her

Du tenkte alltid stort
Alt skulle vere fint
Heimen din, eit eventyr
Men livet er ikkje slik
Når vonde dagar kjem
Og angsten herjar deg
Då må du møte han
Ikkje sjå ein annan veg

Det verkar som du levde som
Ein flamme når det bles
Visste ikkje kvar å søke ly
Når det regna i ditt fjes
Eg skulle likt å kjent deg
Men eg var for sjenert
Flammen din har brunne ut
Men du er alltid her

Kjære du var fin
Dette var ein song til deg
Snill og god og kjærleg
Ville vere sterk og stolt

Kjære du var fin
Frå ein stille gut frå ungdomsår
Som minnest smilet ditt og låtten din
Som aldri gløymer deg

Det verkar som du levde som
Ein flamme når det bles
Visste ikkje kvar å søke ly
Når det regna i ditt fjes
Eg skulle likt å kjent deg
Men eg var for sjenert
Flammen din har brunne ut
Men du er alltid her

Eg skulle likt å kjent deg
Men eg var for sjenert
Flammen din har brunne ut
Men du er alltid her

Candle in the Wind

Mississippi

Legg igjen en kommentar